Etter min siste sending! :)

Etter min siste sending! :)
Ein fin kveld :)

Kristian sin familie!

Kristian sin familie!
Svikta aldri! :)

Mine gjester siste sending :)

Mine gjester siste sending.
Søte.

Kristian og Tom

Kristian og Tom
Kristian og Tom Erik blir intervjua før sending. Legg merke til Tom si fine t-skjorte. Favoritten hans.

Steffen og hans vakre.

Steffen og hans vakre.
Det blei 4.plass på Steffen, noke han var svært nøgd med :)

Spente!

Spente!
Like før eit par skal ut, spente.

Meg og Tommy før sending! :)

Meg og Tommy før sending! :)
Tommy e ein god mann han. Han har tatt vare på meg.

Siste dans for meg!

Vår tid e over i Skal Vi Danse, og det e rart! Var veldig, veldig sikker på at det kom til å gå som det gikk, og det var heilt rett at det blei sånn. Men likvel, sjøl om vi hadde innstilt oss på å ryke, så blei det heile eit lite slag i tryne. Fekk ein liten knekk rett og slett. Eg måtte ty til tårene, ikkje fordi at det var spesielt trist å ikkje få vere i finalen, men berre det å ikkje vere ein del av sirkuset lenger, det å ikkje skulle vere med Tom meir! Det siste er nok aller mest trist, for vi har hatt ei fantastisk tid sammen. Tom e ein fantastisk gut som eg nok vil savne.

Uansett, Susann og Kristian e begge to verdige vinnare, og det ville vore katastrofe viss eg, med min dårlige Jive skulle komt til finalen! Litt kjipe oppslag i avisen i dag, type blir framstilt som at dette var heilt uventa og feil. Det var det jo slett ikkje. Men bobla vi har vore i sida august sprakk, og det skjedde så fort, heile situasjonen var forferdelig rar! Men det skal seiast at eg syns absolutt ikkje dette var verre enn å tape Idol finalen. Syns ingen av delene var spesielt gale. Ting e greit, livet e topp!! :) Eg e veldig stolt av meg sjøl, ka eg har klart i lært meg. Alle 10 selskapsdansane! Ka meir kan eg be om? Eg har bronsje i Skal Vi Danse, sølv i Idol og plata mi har solgt til Gull. Igjen, eg e stolt av meg sjøl.

Eg har i allefall hatt ei fantastisk tid i Skal Vi Danse. Lært å kjenne så mange vakre, flotte menneske, fått utvikla meg på så mange plan, fått vere så mykje i bevegelse og hatt det sååå arti!! Men eg skal innrømme at det var deilig å vakne i dag tidlig og ikkje skulle gjere noke, ha fri! Det e lenge sida sist! :) No ser eg berre fram til neste fredag, til den store finalen! Måtte den beste vinne :)
No skal eg kose meg framover, lage masse musikk, tilbake til det egentlige livet! Det blir fint det.

Eg fekk ikkje takka noken på tv i går, så eg tenkte eg skulle gjere det her;
Takk til alle som har stemt på meg, til alle som har vore aktive her inne på bloggen. Det e viktig å vite at folk bryr seg og lika det ein gjer.
Så vil eg takke alle vennene mine og dei kjære heime, mamma, pappa, Tale, Are, Marcus! Eg e takknemlig for all støtte, det e så viktig at de e der.
Takk til tv2, for at dei atter ein gang har orka å jobbe med meg:) Alltid ein fryd, men blir nok lenge til neste gang :)
Og til sist- MIN KJÆRE TOM ERIK! Tusen takk for at du har lært meg så masse, takk for alt morsomt vi har gjort sammen. Glad i du.



Dagen for brune sengekle!

Dette kan vere min siste torsdag med sjølvbruningskrem og glatte legga, for i mårra e det igjen dags for at ein skal ut, og denne gangen e det ikkje flest og velge mellom. Susann, Kristian eller meg. Oddsen for at eg skal ut e vel rimelig stor i og med at eg har to latin dansa. Men ken veit, alt kan skje, for alt eg veit kan det vere at Pasoen går i boks, at Jiven har forbedra seg fra sist gang. Forhåpentligvis har Jiven forbedra seg ein god del, usle 24 poeng sist ekje mykje å skryte av, så trur eg har alt å vinne. Vi har i allefall hatt ei god veke, ei vanskelig veke og ei morro veke :) Ein merka at det nerma seg slutten, og av den grunn har vi satt inn eit ekstra gir. Mine to bestekompisa, Ina og Tora, kjemme på sending i mårra, så eg gler meg ekstra mykje.

For dei som trur eg prøve å vere overlegen, så e det slett ikkje meininga, tvert imot. Men det e travle tider, mykje trening og mykje tanka. Eg vil jo sjølsagt blogge så masse som mulig, men av ein eller anna grunn så drege senga meg t seg, og eg sovna før eg rekke og blogge. Beklaga så masse!

Har som kjent vore på "Alt for Rognan" i dag. Det var deilig å komme seg ut på noke, rett fra trening og ned på Chat Noir. Veldig godt stemning og eit knall-show etter min smak. Lo masse. Spesielt likte eg Trond, vittig karakter og nice i baris. Og veldig imponert over kor samstemte dei var. Fleir bør ta turen!
Forresten så må eg berre nemne at Tom Erik klarte å få 4 parkeringsbøte i går! Altså, 4 bøter på ein og samme dag. Ein kan faktisk le, heilt utrule, men sant. Skjerpings Tommeliten. Sjøl har eg ikkje fått bøter på lange tider, muligens fordi bilen min har stått parkert i to veker, fordi eg ikkje har vinterdekk. Min første vinter med lappen, teke ingen sjansa.

Vel. På tide å gjere sengekleda brune av sjølvbruningskrem. Loppekassen venta. Tvi tvi i mårra, Damli. Ber t høgare makte om at dette skal gå bra. Hoj hoj.



Nervøs

Ikkje lenge igjen no, uansett kordan det går på fredag. Vi e tre igjen, og alle tre har vi drit lyst til finalen. Som sist veke skal vi òg denne gangen ha to dansa. Men denne gangen kreve det enda meir enn sist. Vi har no to koreografia som skal på plass, for min sin del e det Jive og Paso Doble. To latin dansa, noke som ikkje e på mi favorittliste. Men eg har lite valg, eg må, og eg skal få det til. Trur Tom Erik e nervøs, merka det godt på han at han ikkje e mest imponert over meg. Men eg prøve og prøve, hata å ikkje få til ting.

Paso Doble e egentlig veldig morsomt, ein fantastisk kul dans, men eg e frustrert. Eg har tidlegare i Samba, Cha Cha Cha og Rumba lært at ein skal ha mykje hofter (noke eg ikkje har fått heilt dreisen på), men Paso stride mot alt eg har lært der, for i denne dansen skal det ikkje vere ei einaste hofte. Her vil nok folk tenke; Perfekt, dette må jo vere dansen for Tone, ho slepp jo å bruke hoftene. Men her tek de feil. Eg slite med å holde hoftene i ro her, så ja, ganske frustrerande. Men det e enda tidle i veka, skal ikkje skryte på og sei vi har god tid, men noken daga til har vi.

Jive har snudd fra å vere den morsomaste dansen, til å vere den vanskeligaste for min sin del. Sterke føtter, dei skal sjå strake ut sjøl om dei e bøygd. Tell me, how?? Det e steike vanskelig. Anklane mine e forholdsvis lause og ryggen min e stiv. Konklusjon, eg har mykje å ta tak i dei nærmaste dagane. Men for all det, eg får nok dette til å høyres pyton ut, men det e jo slett ikkje det, for eg kosa meg oppi alt sammen :) Det e gøy, og Tom Erik og meg har virkelig begynt å jobbe driiit hardt. Vi kjenne begge presse so're helde. Om vi ryke fredag gjenstår å sjå, men vi skal i allefall levere eit produkt vi e stolt av, vi skal stå på fredag og vere stolte av oss sjøl. Både Susann og Kristian e to verdige vinnare, så alt står no på prestasjon.

Til sist vil eg gratulera Tale, søster, med dagen! HuRrA!

Bowling: Tom 96- Tone 156 !!

Torsdag igjen, dagane flyr! I mårra e det atter ein gang sending, og eg e atter ein gang drit spent. Kan ikkje skryte på meg å ha stålkontroll, men på ein eller anna måte skal eg klare å komme gjennom denne gangen au, uten alt for store feil. Kristian har jo avslørt at eg bruka samme truse kvar fredag, det stemme nesten. Bruka samme type truse, ein trusetype som eg ha ørten av, kvar fredag- kvit Calvin Klein. Beste som finns for øyblikket. Så da veit de at eg bruka reine truse kvar fredag!
Andre ting som e rutine før kvar sending (skjer som regel torsdag etter trening):
- Epilering av legga.
- Kure hår.
- Strekke hår
- Prison Break
- Sjølvbruning (alle dansara bruka det)
- Nappe augnebryn
- Par-tre episoda Sex & The City
- Drømme om dansetrinn og rekke.
Ikkje ein torsdag uten.
Så no sitte eg her, fått med meg Hotel Cæsar, no e det Rosenborg- Brann som har tatt fokus. Har nettopp ete Fjordland sin juletalerken. Kristian som tipsa meg. Måtte rundt i fleire butikka, men på Rema, ja der hadde dei den. Skulle helst sett at dei hadde pinnekjøtt, men det blei ribbe. Smakte greit. Fekk ikkje svoren sprø, og da e litt av det gode vekke egentlig. Men igjen, alt går i grisen.
Knuste forresten Tom i bowling i dag. Fekk ny rekord òg :) 156 poeng! Eg veit egentlig ikkje ka som e bra og ikkje, men i forhold til mine resultat før, så e dette driiiit bra. Tom fekk 86 denne runden, neste økte ha til 96. Litt sur va han :) Haha. Elska å vinne.
Brann leda 2-1. Greit nok.
På tide å starte på leggane. Teke sin tid :)
Tvi tvi i mårra, bolla. Bolla, det e meg.

To dansa!

Quickstep står for tur, men ikkje berre det. Denne veka e det som kjent to dansa, for min del altså "shitstep" som Kristian ville sagt og Wienervals. To standardansa, noke som eg i utgangspunktet lika veldig godt. Quickstep e morsomt! Eg lika hopp og sprett, men det e mykje vanskelige beinkombinasjona og lignande, så det e ikkje berre leik dette. Men eg skal nok klare å lære med trinna til fredag, må det. Har forholdsvis lite valg :) For å snakke litt om andre dans, Winer'en. Dette e ein tung dans! Den går steike fort i forhold til vanlig vals og slowfox, og vi skal danse den driiit lenge. Var skit sliten i legg- og arm partiet etter trening i går. Eg skreik meg faktisk gjennom dansen eit par ganga. Men òg dette skal eg klare! Øve og øve, så skal det gå! :) Var forresten veldig hyggelig å ha fellestrening i går, e ikkje så ofte ein møtes lenger, sida det e så få igjen og alle har trening på forskjellig tid. Så var vi på restaurant etter trening, den verste thai fooden eg noken gang har smakt, men det var hyggelig :) Super koselig faktisk. No er det på tide å dra seg opp av senga. Det e skinnande sol her i Oslo, så eg skal kle godt på meg, ut å kjøpe ein kaffi og nyte dagen heilt til eg skal på kostymeprøve klokka to. Spent på kordan kjole som venta meg, for ja,denne gangen skal eg gjere Cecilie glad, skal ha kjole på meg! :) Og så har eg nye standard sko, da MÅ ho bli nøgd :) Kleda meg i allefall til fredag. Ha ein nydelig dag alle ihop!

Ikkje kjedle

Ikkje kjedle
Tom e bedre enn meg på riste-bilde, men ikkje mest vakker her.

Herle

Herle
Eg må sei eg lika det her bilde. Tom og Jørgen her.

Vakre Alexandra!

Vakre Alexandra!
Ho e vakker ho! :) I garderoben før sending.

Ferdig skifta

Ferdig skifta
Veldig klar for sending! Tone med nerve som aldri før. Faktisk rekord i nervøsitet.

Veldig klar!

Veldig klar!
Ferdig med hår og sminke. Sendingstid e veldig nær. Smånervøs.

Fam. Nilsen

Fam. Nilsen
Familen til Tom var på besøk sist sending. Trivelige folk :) Tom sin bror e òg driit flink å danse.

Sjefane våres! :)

Sjefane våres! :)
God stemning før sending.

Sånn sveis vil eg ha!

Sånn sveis vil eg ha!
Tørr eg?

Fellestrening!

Fellestrening!
Dagen for fellestrening. Wienervals ser ut for å vere Kristian sin dans, det òg! :) Han mestra det aller meste. Alexandra e ein god læremester, det e sikkert og visst.

Happy day!

107856-14
Kunne nok smilt rundt her :) Godt nøgd Damli.

Elska Fredaga!

I kveld merka eg at eg e nervøs. Cha Cha Cha i morgo, og eg e ikkje for sikker på om det e dansen for meg. Eit under om det e, sida eg ha vore forholdsvis svak i alle latin dansa så langt. Men det e lov å håpe. Har i allefall ingenting å tape, berre å gi alt. Og eg skal det, gi absolutt alt! Men ein veit aldri, tiden vil vise om eg mestra den nest siste, kanskje den siste Latin dansen for min sin del. Eg er svært klar over at det kan vere min tur til å gå ut i morgo. Alle som e igjen e så steike flinke. Såg på Steffen dansa Rumba i går, og han kler den dansen skit bra. Resten har eg ikkje sett, men tvila på at dei plutselig har blitt mindre gode. Men ein blir ikkje klokare av å ligge å spekulere i ka som skjer i mårra, berre meir stressa og forvirra. Må rett og slett berre vente og sjå :) No ligge eg å lada opp med nydelig musikk, nyvaska kropp og ny Mac! :) Eg e so glad. Splitter ny. Det e herle det. Har bestilt meg nytt stereoanlegg au, ha verkele slått på stortromma i dag. Ein gang i ny og ne trenge ein det trur eg. Trur faktisk eg skal ta kvelden, nyte loppekassen så lenge eg kan. Ein ny, land dag venta i mårra. Eg elska fredaga! :)
Men sist; Gratulera med dagen som var Kongen Befaler! :)

Tora mi!

Tora mi!
Det her e bestekompisa mi, Tora. Eg savna ho. Her e vi på veg heim fra ferie i sommar, tvillinga faktisk. Tora i nok verdens søtaste.

Tom Erik før sending

Tom Erik før sending


TT- Trege Tone! Sorry!

Hei'sann! Eg må berre først beklage at eg har vore så treg i det siste. Har vore hektiske tider, dans, konserta osv. Men no e eg tilbake, og eg skal prøve å ta litt etter Kristian, han e so flink t å svare alle sammen. Eg skal prøve :) Uansett, no e det Cha Cha Cha på meg. Latin igjen, og eg syns fortsatt det e vanskelig. Men likevel føle eg det e lettare enn Rumba og Samba- og det e bra! Eg og Tom har imponert stort denne veka, vært først på trening både lørdag og søndag, og vi snakka tidlig, faktisk 8 og 9 om morningen- noke eg e veldig stolt av :) Eg kjenne det blir ei hard veke dette her, ekje berre berre å få inn Cha Cha Walks, det e vanskelig. Men Bettan har klart det, Susann har klart det, Steffen har klart det, veldig mange har klart det! Så eg skal få det til! Basta bom. Just no e eg heime i sogndal, hadde konsert i Årdal i går, eg og Eva & The Heartmaker (idol-Eva). Det var ein veldig fin konsert, masse, masse folk, fullt faktisk. Sånne ting blir ein glad av, gjer kvardagen enda litt bedre :) So no sitte eg å hive i meg to rista skive med kokt skinke og majones, før eg skal fly avstad til Tigerstaden igjen! Back in O-town, rett på Dansefabrikken å pugge trinn. Terpe, terpe, terpe. Det må til. Til dei som lure på om Tom Erik fekk ildt når eg slo han sist sending, så ja, han fekk det :) Falle var nok ikkje heilt planlagt ;) Men Tom e ein ganske tøff gut, so han klara seg :p Sogndal rykke forresten ikkje opp, det e trist, men vi kan ikkje anna enn å prøve igjen neste år, da med eit enda sterkare mannskap. Gratulera til Rosenborg! :) Syns det e topp at dei vann egentlig. Til tross for at Tom e litt bitter for at Brann ikkje klarte det:) No skal eg ta ein kjapp dusj, så e skal eg suse til flyplassen. Snakkast snart!:) Hej då.


..

..

Ingen strutte-pupp!

Om få tima e vi igjen på plass i Nydalen. Eg grua meg til i mårra kjenne eg. Muligens fordi eg skal ha på meg tidenes kortaste kostyme. Ja, eg kalla det kostyme, for noken kjole e det ikkje. Mindre enn som så. Myykje hud bli det, men sånn e jo Samba. Faktisk så e vi ganske nøytrale i forhold til hønene i Brasil. Dei ha gjerne nada på overkroppen, altså strutte-pupp! Og det skal ikkje vi ha, takk Gud! :p Men eg håpa at alle som ser på i mårra skjønna at dette ikkje e eit antrekk eg ville valgt til vanlig, kunne faktisk ikkje falt meg inn i noken som helst situasjon. Men i det her tilfelle så trer vi inn ein rolle, ein rolle som ein helst skal fullføre fra topp til tå. Eg e drit spent sjøl på kordan eg kjemme til å sjå ut. Sikkert som ei tøyte, men la gå. Samba e ein tøyte-dans. Basta. Eg har forresten ikkje mest kontroll når det kjemme til sjølve dansen heller. Må sei eg ser meir eller mindre ut som ein hallpalle. Samba ligna ikkje grisen, ligna ingenting eg har vore borti før. Det e myyykje vanskeligare enn alt. "Vrikk, vrikk, vrikk". Rompa skal gå som ein karusell. Skremmane å sjå på Tom sine hoftebevegelsa. Dei eige ikkje hemninga, går i hytt og pine. Han e dyktig! Vel,vel. Tom knuste meg faktisk i Airhockey i dag, pinlig, men sant. Eg prøvde å holde sinne inne, og det gikk bra. Men skal innrømme at det har prega kvelden min betraktelig. Eg e ingen god tapar når det kjemme til Airhockey. Airhockey e min lidenskap, mi framtid! Ikkje langt ifra! :)I dag har eg forresten vaska romme mitt og fiksa opp i alle kleda mine. Det e kanskje det beste eg har gjort på lenge sida. No kan eg faktisk sjå golvet på rommet mitt, eg kan faktisk sette meg ved pianoet mitt. Dette e lenge sida sist, skal eg love dikka. So no ligge eg her, i nyinnkjøpt sengesett, rein og fin, klar for ein lang og spennande dag. Til alle, eg og Tom trenge meir enn noken gang støtte fra folket. Så viss de noken gang skal stemme, så e dette den rette fredagen! :)Eg får desverre ikkje til å legge ut bilde med denne dataen, men skal prøve å fikse. Hooooj.

Tone vs. Tom Airhockey. 4-1!! Loser!!

Var heime hjå mor og far i går, men berre ein liten tur. Sang på Sogndal kampen. 1-1 mot Godset. Ikkje godt nok, men greit. Mamma hadde pinnekjøttet klart til eg kom heim, det va heilt nydele! Blir aldri mett på det, trur eg åt meir enn alle tilsammen. Det gjorde godt med litt skikkele mat att. Blitt alt for masse Kinaekspress og Fjordland i det siste. Men no e eg tilbake i Tigerstaden. Klar for ei ny veke, ei veke full av hofter og latin. Tiden e inne for Samba! Eg prøve å være optimist, prøve alltid det. Men i det her tilfelle e det vanskelig. Det har jo vist seg før at eg ikkje e noken kløppar når det kjemme t Latin. Hoftebevegelse ligge ikkje heilt naturle for meg. Men eg prøve og prøve. Det ser dumt ut. Tom berre ler- og da blir eg litt sint. For det ekje lett må'ru tru.Til dei som lure på om eg lese innlegga her, så gjer eg det. Og eg skal prøve å bli flinkare å svare på ting folk lure på. Til Kaja som har skrive masse om at det e slutt mellom Anne Therese og Tom, så e det feil. Dei e fortsatt veldig kjæresta. Tom og meg e kun kompisa, og noke meir enn det vil vi aldri bli. Basta bom. Period.Til Oslo morra; du e heilt fantastisk. Ein person som syns så masse fint om meg, trudde eg ikkje eksisterte. Eg vil berre sei at eg e evig takknemlig og glad for at sånne som du e til. Du gjer med fantastisk glad!Vel, over til noke heilt anna. Ting forandra seg rundt meg no, og eg e usikker på om det e bra. Eg trur kanskje det ikkje e det. Men av ein eller anna grunn ha det no blitt sånn. Mule eg ha drete meg ut. Gjer vel stadig vekk det, men den her gangen e're anleis. Savna Buzzen litt, kanskje, ja, gjer det... Vel, tenk på noke anna no. Tale kjemme til Oslo no. Det blir morro. Ho skal sjå på sendingen på fredag. Ho og Flo. Skitt, det rimte. Good job.. No trenge eg søvn, viktig møte i mårra, senn så e det kostymeprøve og øving. Lang, fin dag. Men heilt til slutt vil eg berre sei at Tom suuuge i Airhockey. Knuste han LETT. 5 runda spelte vi, Tone vann 4-1. Haha. Legg deg, gut!Ha're! :)

Russe- Tone!

Enda ein sending e veldig nær. Type 12 tima til vi skal møte opp. Sånn 23.desember følelse igjen, klara ikkje vente på pinnekjøttet og drit spent på pakkane. Spennande. Eg sitte i sofaen min no, har vore ein bra herle kveld med Prion Break, Heia Tufte og ikkje minst ha eg no sett 4 episoda av Sex & The City. Heilt fantastik! Ein føle seg godt når ein ser på det. Type sånn, ja- vær deg sjøl følelse, og det e gudd. Har forresten pjåta i meg ein heil pose med bacon-chips, litt tortilla og ein heil gjeng med Kick's! Kjenne eg e litt kvalm. Fått nok søtt no. Dessuten klara eg ikkje sove med så mykje søtt i kroppen. Blir lys vaken. Men med litt Paul Simon på øyra, skal eg nok klare å sovne snart. Må det, for morgodagen kreve sitt. Fekk spørsmål her om eg noken gang har vurdert å trekke med fra skal vi danse. Svare der e nok nei, sjøl om eg e små-sliten. Har ein først blitt med på noke sånt, må ein berre gi alt, tenke positivt og vere glad for det som skjer. So sånn e det. I dag har eg kjøpt meg litt nye kle og sånn. Eg og Tom Erik var på ein liten handletur. Kosle det. Ein mann kjørte på bilen til Tom idag, berre sånn litt, ei stripe liksom, men Tom blei veldig sint. Tom e veldig glad i bilen sin. Men han roa seg kjapt ned igjen. Apropo bil og sånn. Eg fekk enda ein bot i dag. Den her gangen på 700, veldig unødvendig. Tom hadde parkert bilen min, han dekka to felt, pluss at det var Hobby & Kunst sin parkeringsplass, så dei var ikkje blie. Men det e greit :) Kan ikkje la sånne ting gjere kvardagen kjip, litt kron ekje alt. I morgo kjemme Tora heim fra syden, eg gler meg t å sjå ho att. Lenge sida no- og eg savna ho mykje. Eg skreiv sist at eg hadde "russeveke", og det e slitsomt. I går så kyssa eg tre sånne soldata på kjaken (dei utafor kongen sitt slott), russeknute liksom. Laga mine eigne russeknuta- og det e arti. Bjørn Einar spruta tryne mitt fult med ketchup i går òg (sjå www.toneaaberge.no, der e det bilde!) , det var ein russeknute. La meg sjå, kå meir ha eg gjort. Jo. Eller nei, det kan eg ikkje sei. De får berre undre. Forresten så såg eg ei rar jente på gata i dag. Ho gikk og masjerte på gata, akkurat som soldaten på slottet. Sånn skikkelig, så stoppa ho opp som ein soldat. Det var drit morsomt. Lo kanskje i tre minutt. Tre gode minutt var det! Forresten så knuste Sogndal Manglerud Star i går, det va SOOO godt!! Vi trengte den seieren. Heilt nydelig. Eg hadde konsert i går òg, i Ski. Ein heilt fantastisk opplevelse. Masse folk og god stemning. Sånn "vil-ikkje-gå-av-scena" følelse. Dei va so søte i Ski. Vil tilbake dit ein gang. Også spelta vi Felicia. Ein ny sang. Eg elska den!! Skulle rydda rommet mitt eg no, det blir berre meir og meir rotete. Skjønna ikkje det :P Håpa mamma snart kjemme på besøk. Og så ønske eg meg virkelig eit klesskap. Hmm. Tja, han Paul ha klart å gjort meg litt trøtt, men berre litt. Så eg trur eg skal gi senga ein sjanse no. Føle det e eit lurt trekk. Gler meg til sending :) Spent på om eg klara å mestre Slowfox. HEPP.

Kjenne're på skrotten no!

Slowfox står for tur, og eg føle meg relativt komfortabel med det. Mykje det samme som wals, berre litt vanskeligare! Mykje hela og anleis takt. Men det e morro, meir avslappande enn Jive. Apropo Jive, så følte eg det gikk ganske bra sist. Type etter kå ein kan forventa av ein skrott som meg. Litt dårlig basic, men greit. Rett og slett heilt greit. Skulle ønske vi fekk litt bedre poengsum. Vi starta på ein måte på topp med walsen, og deretter har det berre gått nedover. Som ein dalande kurve. Og det e jo ikkje så morro! :p Men vi skal prøve å jobbe oss opp på wals-nivå igjen. Ein merka det veldig på kroppen denne veka. Ein litt sånn hall-skral skrott. Sliten. Men ein må berre tenke positivt, kor heldig ein e som får bevege seg så masse! :) Sliten liksom, drit i det. Over til noke heilt anna. Eg og ein kompis satt og såg film her om dagen, surfe film! Og dette gjorde meg jo berre enda meir sikker, sikker på at ein vakker dag skal eg lære meg å surfe! Australia trur eg blir første stopp, eller Hawaii. Bu på stranda i to mnd, slappe av, lage musikk og SURFE!! Eg drømme meg vekk no. Eg har forsåvidt aldri prøvd det før, men det ser usansynlig herle ut, gå i eitt med bølgene. Må jo være heil fantastisk. Også har eg veldig sansen for surfegutta med surfehår. Saltvanns-hår, det e så vanvittig fint. Gutta med sånt hår, aloha kle, volkswagen buss og fanta i handa. Gud bedres! Skal forresten kjøpe meg sånn volkswagen buss ein gang. Kompisen til Tora har sånn grønn- og det ser heilt fantastisk ut! Mykje drømming no, men det e viktig å drømme. Kjempe viktig!! Eg har forresten "russe-veke" denne veka. For alle kompisane mine e på russetur til spania denne veka. Heile 3. klasse i sogndal og Årdal. Eg skulle egentli vore der eg òg (sjøl om eg ikkje e ferdig med 1.klasse enda:p), men eg måtte avbestille pga skal vi danse. Litt bitter, men Skal vi Danse e faktisk verdt det ;) Uansett så tenke eg mykje på dei. Akkurat no har dei det sikker drit morro, type ligge ved bassenget, kald god drikke og prata drit! :) Uff, jaja. Håpa kosa seg glugg. Eg har det jo tross alt bra her i Oslo. Sola skinne og eg har nettopp ete fjordland fiskebolla. Eg elska fjordland fiskebolla. Mange vil nok påsta å sei at det e simpelt og kjedli, men nei. Perfekt når eg skal kose meg aleine! :)Forresten så vil eg sei til alle som lure på det som sto i se & hør om Espen Lind, at eg e forelska i han e jo bull, ha aldri møtt han før :) Men at eg nesten kan bli forelska når eg høyre han synge "stay on these roads", det e to forskjellige ting! So håpa eg at de ikkje teke alt som står i blada seriøst, for det e myyykje svada! :) Og det som står på forsida; " Tone snakker ut!" Kanskje det mest harrye eg noken gang har sett. Dette har dei funne på sjøl, tatt fra ingen plass! So det. Men no trenge ein ein cowboy-strekk. Loppekassen e klar for meg. Nett so vidt eg kjemme fram til senga, for alle kleda mine ligge på golvet. Mykje kle, så eg må ta fart og hoppe over. Tom Erik e forresten ikkje mest imponert over spensten min. Ikkje mest å skryte av. Hahh. Men takk og ha det bra :)

Jive is fun, fun, fun!

New chapter! Det kallast Jive- og det e steike morro! Vi har kun hatt ein øving, men eg føle vi e godt i gang- sjøl om Tommeliten hadde ein sliten dag i går. Eg kom forresten 1 time og 10 min forseint på øving i går, skuldast min lille snartur til grensen for å handle bacon og coco pops! Men det skal seiast at det var ein herle tur, med svenske kjøttbolla, masse godis-shopping og snus til papi. Så det får heller være at eg kom litt for seint. Eg hadde jo sjølsagt stappa i meg nok med godis før trening, så eg var FULL i sukker da eg ankom Dansefabrikken. Og da, ja da skal eg love deg eg var rimelig energisk, som ein liten propell meir eller mindre. Trur Tom syns eg var litt slitsom. Men for å snakke litt meir om Jive. Jive e litt sånn sving aktig, og sjøl om eg aldri har kunna sving, så føle eg at eg e meir eller mindre laga for Jive. Eller, no har det seg jo sånn at eg ikkje e laga for noken som helst dans, men viss vi skal plukke ut ein, må det blir jive. For i Jive kan ein hoppe og sprette, le og kose seg- og DET lika eg! Kosa meg GLUGG! Men det e jo ikkje berre lett- masse småtrinn som eg helst skulle vore foruten, men sånn e det berre. Pugg, pugg, pugg- så går det nok til slutt. Vel, vel. Eg e kongen i Buzz, knuste Kongen Befaler i dag, og det var niiiice. 7250 poeng var det vel. Hahaha. Men til noke heilt anna. Sogndal spelte 2-2 mot Follo i går! Eg kan sei såpass at eg syns liiite om Follo. Follo slo Sogndal ut av cupen, noke som vi i sogndal likte svært lite. Follo e eit drit lag. Tolk meg rett. Sogndal SKAL opp! E vel 6 poeng opp til 3.plass- og det SKAL dei klare! Marcusen min skal få gave av meg i dag, eller egentli fra Kongen Befaler og meg. Tre bilde med forskjellige brannmenn på. For Marcus skal bli brannmann til tusen. Han skal ikkje begynne på fotball, ikkje på noke, for han skal berre bli brannmann. So håpa og trur han blir glad for bildene :)Nooo skal eg vaske augene og munnen min litt. Blir godt det, for det sitte litt resta att etter natta- og det ser ikkje så fint ut. So, ha ein nydelig dag alle sammen. No podcast kjemme veldig snart og hugs nettprat på Dagbladet.no i mårra, tirsdag. Skipp, skipp'O HOJ!

Never Rumba again

Det e over! Takk Gud. Eg kom meg videre, så vidt det var. Skitt vi dansa dårlig. La meg forklare koffor alt gikk galt. Eg og Tom står jo i stupande posisjon før Rumbawalks'a teke til. Så har det seg sånn at Tom tok eit lure skritt før han virkelig begynte å gå, men eg visste jo ikkje at han skulle lure meg, så eg krasja jo rett i lille gutten. So, fra første skritt gikk alt galt. Blei berre hanglande heile dansen. Det var dumt, for vi gjorde det så bra på generalprøven. Men, men. Det viktigaste e jo at vi gikk videre!! :) Syns at Christer rauk, det e trist når noken ryke ut, uansett ken det e. Men Christer får no meir tid til sin nye kjæreste- og DET e bra!:)Kristian var heilt fantastisk flink i går! Virkelig imponerande! Men what ever, eg mestra ikkje Rumba, sånn e det berre. Aldri meir Rumba! Sjøl om det e ein fin dans... I dag har eg vært å fått ansikstbehandling og fotpleie, heilt nydele! Låg å snorka i stolen, trøtte Tone igjen. Alltid trøtt. Sitte i sofaen no med teppe rundt meg, nettopp klemt i meg ei skål med Orville popcorn (beste popcornen som finns!), ei skive med trønderfår, ein iste og så ser eg på Jakten På Kjærligheten. Det e lørdag , og eg har ingenting eg skal! For ein gang skyld!! :) Det e godt. Skulle egentlig vært på dans, men Tom Erik dansa med sin flinke dansepartnar i dag, ho e russisk og visst nok veldig flink. Eg har spurt Tom Erik om eg e kan bli like flink som ho- men da berre ler han, men han seie ja. Hah. Tulling. Forresten så møtte eg familien til Tom i går. Dei va søte dei. Type heilt fantastiske! :) Broren til Tom e prikk lik Tom, og driiit flink til å danse. 16 år og kongen av Bergen, det e eg sikker på... No skal eg snart sette på Grease, få litt inspirasjon til Jive'n vår. Det trur eg blir kjempe gøy, hopp og sprett og tjo og hei :) Eg og Tom lika det... Dei e so søte bondane på Jakten på Kjærligheten.. Men Kathrine e nok søtast av alle. Nydelig. No skal eg sove litt. Vi måtte jo feire Ingar litt i går, og ein bli sliten av å feire. So ein liten middagskvil må til no. Forresten so ha eg verdens beste dyne. sånn som forma seg etter kroppen. Beste om finns.

Eg og Jahn Teigen

God aften!No e det sjukt liten tid igjen. I mårra skjer det, Rumba, Rumba, Rumba. Eg grua meg. Vi hadde ingen god dag på Dansefabrikken i dag. Berre tulla å tøysa- noke som e bra når vi har tid til å tulle og tøyse, men det har seg sånn at vi burde brukt tida litt meir fornuftig, for vi e ikkje så veldig gode. Men vi tar det som det kjemme. Ryke vi så ryke vi. Pytt'sann. Eller, nei, det e ikkje pytt. Vi skal komme videre. Vi må! Uff, mykje frustrasjon ute å går no. Sånn e det vel berre. Det som e veldig hyggelig i dag e at Ingar har bursdag! 50 år, men Gud kor ung og sprek. Herle mann. He is. So, gratulera med dagen, mann. No har eg såtte å sett på Hotel Cæsar med bror og ein nykløpt, liten tass, ein naken Marcus. Han e fantastisk. Kyssa meg nettopp god natt no. "God natt, tante Tone!" Ekje're søtt so veit ikkje eg :)Vel, i dag har eg egentlig vore veldig uheldig. Våkna opp med ein bot på bilruta- IGJEN! Men ikkje nok med det. Eg og Tom skulle på Bagel & Juice for å ete frokost etter ein slapp øving. Seff stille vi bilen litt for nærme fotgjengaren, alltid feilparkering, MEN det verste var at i det vi står utafor bilen kjemme sjølsagt Mr. Bot og Bedring mann med blokka i handa, og uten å nøle skrive han som blekke spruta ein ny bot til meg. Eg skulle slått han beint ned der og da, jævla dritt mann. Eg prøvde og prøvde å protestere, men denne mannen var av det stae slaget, sånn mann som elska å gjere livet surt for andre. VERSTE eg veit. So han klarte på sett og vis å øydlegge litt av min ellers så fantastiske dag. Dritt mann. Håpa han hadde ein jævli dag videre. Uff. slutt å syt Tone. Ein bot her og der gjer vel ingenting. Men jo, no har eg klart å samle opp tre, på to daga. Pappa tok nettopp med seg tre heim, så det blir mykje peng i lengden. Pappa blir ikkje så glad da. Slurve Tone.Jaja. No skal eg hoppe i dusjen, epilere leggane, legge på ei ansikstmaske og kanskje sjå ein film. Blir nok Kill Bill, for da får eg sånn killer-kjensle, type eg knuse alle på dansinga i mårra- sjøl om eg veit det ikkje skjer. Nei, kom igjen Tone, OPTIMIST! Tenk på han Jahn.. Hah, faktisk så tenke eg på Jahn Teigen når eg dansa Rumba òg. Han e så smidig og fin- det skal nemlig eg vere i Rumbaen òg.. Men det funka ikkje.Men såpa skrike.Ha det på badet.STEM PÅ MEG!!!

Neppe laga for Latin!

Hei og hå.Vi e begynt på eit nytt kapittel, eit Latin kapittel som kallar seg for Rumba. Det e ikkje lett. Slett ikkje lett for ei som ligna ein tømmerstokk. Ho prøve og prøve, men å vrikke på hoftene ligg rett og slett ikkje e henna natur- Dei funka ikkje som dei skal, og det irritera ho grenselaust.Uansett, skulle ønske eg og Tom var laga av samme kaliber, men nei, vi e ikkje det. Tom e liten og spretten, eg e meir som ein syltaagurk. Syltaagurken Tone.. Men det e greit, for eg lika syltaagurk veldig godt. Åh ja, det fekk eg lyst på no, sylteflesk med syltaagurk. Eg og papi e glad i det. Minna meg om jul, og eg gler meg til jul!:) Lure på kå eg ska ønske meg. Sist jul ønska eg meg dart, og det fekk eg! :) I år trur eg at eg skal ønske meg brødristar, for det har eg ikkje. Kanskje sånn poker sett òg, for det e skøy. Vi får sjå, god tid.Tollkall. Eg lika den reklamen. Dei som snakka trøndar. Dei e herlege! Ikkje kjedle dei. Uansett. Eg og Tom Erik hadde ein god øving i dag. Nesten ingen pausa, og det e bra!! :)Og til alle de som trur at eg og Tom har ein flørt, eller e kjæresta, what ever- det e herved avkrefta! Vi e dansepartnara, dvs, vi MÅ henge sammen mange tima om dagen, av den grunn blir vi godt kjent og gode venna, noke som e super koselig, for Tom e ein super gut. MEN- eg har ingen ambisjona om å ødelegge mellom Tom og han kjære i Bergen ( ikkje det at eg hadde lykkast om eg hadde prøvd, for ho e nydelig..)So, håpa de som har trudd dette, no ikkje trur det lenger, for det stemme ikkje. Men eg e glad i Tom, og DET må vere lov :)Jaaja. Det e onsdag, to daga igjen til direktesending. Grua meg litt.. Men gler meg au. Det e so spennande. Ein ubeskrivelig nerve og eit kick uten like. Vi var jo heldige med poengsummen sist, 31 poeng. Eg e veldigs stolt over det. Ken hadde trudd at klomse- Tone skulle klare å lære seg vals på tre veke?! Ikkje eg i allefall, so takk, takk og atter takk Tom, for at du føre som ein gud.. Men det skal seiast, på vals hadde vi jo litt lengre tid enn vi har no. For på alle dansane framover har vi berre 1 veke, eller, dvs, 5-6 daga, og det e liiite. Veeeldig lite. Men vi får gjere det beste ut av det. Prøve å vrikke litt på hoftene og prøve å få fram det deilige blikket.. for det e visst det Rumba handla om. Var så søtt å sjå på Eirik her om dagen. Therese måtte binde hove hass sånn at det stod i vals-stilling. Han var soo søt. Såg ut som ein liten hund med sånn greie på hove. No har eg ikkje fått sett etterpå om det faktisk hjalp å bruke sånne band, so det bli spennande å sjå på fredag :) No e're snork og sleep på Damli her. Klokka e ikkje so masse, men loppekassen skrike. So, takk og farvel alle ihop. Føtdn mine e slitne. Tole ikkje høghelte sko. Vel, adios! :)

Ferdig på trening. Rein og fin, klar for køya.

Ferdig på trening. Rein og fin, klar for køya.


Her føler eg meg nydelig! Tom lika meg sånn

Her føler eg meg nydelig! Tom lika meg sånn


Enda finare

Enda finare


En god dag

14.09.06Skipp'O Hoj!Ein god dag på Dansefabrikken. Eg har tatt med sjøl i nakken, og det gir resultat! Kan nok ikkje kalle meg ein kløppar enda, liksom ingen Gyda.. Men eg e på veg, sakte, men sikkert, i allefall sakte. Eg trur faktisk kjære Tom e begynt å bli litt nøgd med meg. Det e godt det. I dag har vi hatt to treningsøkter, ca 4 tima tilsammen. Og for ein trening. Det merkast på skrotten, og den her skrotten han veeeldig godt av det.. Tom laga matpakke til meg i dag. To skiver med salat og salami. Han e soooo søt. Det var super godt. Han hadde til og med kjøpt ny matboks- for ein mann!!Eg elska å danse med Tom, for han ler alltid av meg! :) Kanskje ikkje så rart, for eg e jo tross alt ganske morsom. Haah. Men Tom ler av ALT- og det lika eg! Tom og Tone, Tone og Tom. For ein duo! :)Eg har fått sånn blodblemme framme på den eine storetåa. Ganske so ildt å gå rumbawalks, men du veit, staute, tøffe Tone ofra tåa, she walks like an angel, talks like an angel. Nei, nei. Slite litt der. Rumba e vanskelig til tusen. Eg har litt angst, for eg fekk høyre her at Susann hadde fantastiske bein i Rumba- og at Bettan og Mats trena steike, steike mykje! Eg og Tom derimot, vi berre leika, døgne rundt. Men du veit, vi e så unge. Det e viktig å leike;)Men no må eg takke for meg. Min første blogg er over. No skal eg legge meg i senga mi, lukte på alt støvet og planlegge matpakken eg skal lage til Tom i mårra. Han lika ikkje egg forresten. Og ikkje kaviar. Og ikkje leverpostei. Gutten e RAR- men søøøt :)Og til Jeanette- tusen takk for nydelig mat i dag- og beklaga so masse for at kom for seint. Sofaen var veldig god i ettermiddag.Ta-ta. Ha're.

november 2006
ma ti on to fr
1
2
3
4 5
6
7
8
9
10 11 12
13
14 15
16
17
18
19
20
21
22 23 24 25 26
27 28 29 30
    hitsimg